Det daglege brød er ein ressurs for dagleg bibellesing i heimen. Her er nr. 5:
”Det daglege brød” nr. 5 – 2010
Vekas historie:
Vatn frå berget, kopparormen og Moses døyr.
I barnebibel: Desse historiene skal vere lett å finne at i ein barnebibel.
Tips 1: Om du les saman med små born kan du velje å lese frå ein barnebibel med litt tekst, i staden for å lese frå sjølve Bibelen.
Tips 2: Bruk ”det daglege brød” som det passar dykk! Kanskje vel de å heller ha ei andaktstund i lag ein gong i veka, lese berre bibelverset fast ved måltida, lese tekstane på eit anna tidspunkt på dagen osv. Eller de vil gjere noko heilt anna!
Dag 1, torsdag: Les vekas bibelvers. Les vatn frå berget: 4. Mos 20, 1-11, eller frå ein barnebibel. Be ei bønn.
Dag 2, fredag: Les vekas bibelvers. Les om kopparormen: 4. Mos 21, 1- 9, eller frå ein barnebibel. Be ei bønn.
Dag 3, laurdag: Les vekas bibelvers. Les Moses døyr: 5. Mos 34, 1-12, eller frå ein barnebibel. Be ei bønn.
Dag 4, søndag: Les vekas bibelvers. Les den historia du likte best, ta litt tid til å tenkje over/ snakke om det du/ de har lest. Kos deg gjerne med noko godt til ☺ Be ei bønn.
Dag 5, måndag: Les vekas bibelvers. Tenk over, snakk litt om bibelverset, kva betyr det? Be ei bønn.
Dag 6, tysdag: Les vekas bibelvers. Gjer ei eller fleire av oppgåvene på arket. Be ei bønn.
Dag 7, onsdag: Kom og spis! 16.30 i Volda Frikyrkje. Middag, kaffi og bibelkvarter.
Oppgåver til dag 6:
1. Lær vekas bibelvers utanåt: Greier de å gjengi vekas bibelvers ved hjelp av ”koden” under? Det er fyrste bokstav i kvart ord i teksten.
Joh 3, 14 – 15:
Nynorsk: O l M l o o i ø, s s M l o, s k d s t p h, s h e l.
Bokmål: O l M o s i ø, s s M b o, f a h d s t p h, s h e l.
2. Song: Syng ein song de har lyst å synge. Gjerne med rørsler til om det er born til stades.
3. Skatteskrin: Lag eller finn ein fin boks du kan ha bibelversa i, om du ikkje allereie har gjort det.
4. Lag eit bilete som passar til den historia du likte best.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar