Må Herren velsigne deg med kvilelaust ubehag ved lettvinnte svar, halvsanningar og overflatiske relasjonar. Så du modig kan søke sanning og kjærleik djupt i hjartet ditt.
Må Herren velsigne deg med hellig vrede over urett, undertrykking, og utnytting av menneske, så du utan å trøytne, kan arbeide for rettferd, fridom og fred mellom alle menneske.
Må Herren velsigne deg med tårer å gråte, med dei som lid smerte og ikkje får hjelp, for dei som e offer for svolt, eller som har mista alt dei hadde kjært, så du kan rekkje ut di hand for å trøyste dei med, og forvandle lidinga til glede.
Må Herren velsigne deg med nok galskap til å tru at du verkeleg kan utgjere ein forskjell i denne verda, så du evnar, ved Guds nåde å gjere det andre hevda ikkje kan la seg gjere.
Og må Gud den suverene majestet og vår skapar,
Jesus Kristus det inkarnerte Ordet, som er vår bror og Frelsar,
Og Den Heilage Ande, vår talsmann og vegvisar,
vere med deg, og forbli hos deg, denne dag og i æva.
Amen
Oversatt frå
http://www.worldprayers.org/frameit.cgi?/archive/prayers/invocations/may_god_bless_you_with_a_restless.html
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar