VOLDA FRIKYRKJE SIN KYRKJELYDSWEEKEND
4. – 6. SEPTEMBER 2009 ORRENESET
Pris kr. 750,- pr vaksen, kr. 1500,- pr par, kr. 100,- pr born frå 4 år.
Prisen inkluderer full pensjon og losji, men ikkje reisa til Orreneset.
Ta med: sengetøy/sovepose (sengetøy kan leigast), utekle, gode sko, fiskeutstyr (til konkurransen).
Til uteaktivitetar; badminton, crocket, kubb, boccia, frisbee, fotball etc. NB! Ta gjerne med ei kake eller noko anna godt til kaffikosen på laurdags kveld.
Fredag: Ferja frå Festøy går kl. 17.00 (neste går ikkje før 18.30!!)
Kl. 18.00 Me kjem til Orreneset
Kl. 19.00 Kveldsmat
Kl. 21.00 Samling for dei vaksne med te/kaffi og kos
Uformell samtale, sang og konkurranse
Kl. 22.30 Ord for natta
Laurdag:
Kl. 09.00 Ord for dagen, me syng for maten
Frokost og nistesmøring
Kl. 09.45 Bibelhalvtime
Kl. 10.30 Tur i den vakre naturen
Kl. 14.00 Fiskekonkurranse
Kl. 15.00 Fotball eller innebandy (etter vèret), andre aktivitetar
Kl. 16.00 Middag
Etter middag; aktivitetar for dei som ynskjer det
Kl. 19.00 Kveldsmat
Kl. 20.00 Kaffikos m/informasjon/innleiing til kveldssamling
Kl. 21.30 Kveldssamling for vaksne m/tema
Kl. 23.00 Avslutning av samling m/sang ”Den dag du gav oss”.
Dei som ynskjer å sitte oppe lenger, kan sjølvsagt det J
Søndag:
Kl. 09.00 Ord for dagen, me syng for maten
Frokost
Kl. 10.00 Gudsteneste m/eiga samling for borna
Kl. 11.00 Rydding/pakking
Leikar frå gamle dagar (aktivitetar ute og/eller inne)
Kl. 14.00 Middag
Etter dette; heimreise etter ynskje
Ferja går frå Hundeidvik kl. 15.50 og 16.35
Betaling: Det vil bli delt ut bankgiroar, betaling til Volda Frikyrkje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar