mandag 15. november 2010

Preike 14.11.10 Sølve Hatlen



Klipp fra Skavlan 12.11.10 Intervju med bokseren Rubin "Hurricane" Carter

Rubin ”Hurricane” Carter

Dokke tenk om vi kunne vere så overbevist om vår uskyld som, denne personen!

Tenk om vi kunne halde så fast på den uskyld som Jesus he kjøpt oss!

Tenk om vår uskuld blei så dyrebar for oss!

Så dyrebar, at vi nekta å følgje reglane for vårt eige fengsel. For vi er også i et slags fengsel, det fengsel som Paulus omtala som kjødet, eller den gamle naturen. For parallellen er god!

Rubin var tydelig på at trass i at han var i fengsel så var han ingen fange. I staden for å følgje fengselsreglane så heldt han fast på si uskyld for einkvar pris. Det var ingen som kunne snakke han vekk frå det!

Slik kan vi ofre oss for vår uskuld i staden for å ofre oss for kjødet, og følgje kjødets vilje og reglar. Men det vil føre oss i grava. Slik som Rubin Carter måtte i isolat for å halde på si uskyld og sin fridom, og isolatet var jo det nærmast som ei grav.

Han hadde innsett at den uskulda og fridomen han kunne eige på innsida, var det einaste kostbare han hadde att, som ingen kunne ta ifrå han.

Så kan ein spørje, som mange også gjorde: Men kunne ikkje han hevda si uskuld og likevel oppføre seg normalt? Var det naudsynt å vere så sta og protesterande?

Den kompromisslause vegen han valde, og måten han løfta si uskyld opp som ein fane; å ofre for si uskyld, heller enn å ofre for dommen han hadde fått over seg. Den vegen førte til noko heilt makelaust; det var akkurat som om ei ny verd opna seg inni han. Ei verd av draumar, ei verd fylt av visjonar og openberringar av håp av tru. Det er nesten så ein kan sjå konturane av eit Gudsrike tre fram som ei openberring.

Rubin hadde heilt tydeleg mykje synd og skuld i sitt liv, sikkert mykje verre enn oss. Men det som skjedde når han enda i fengsel for drap, det var at han fann ei uskuld verd å kjempe for, ja ei uskyld som blei verdt alt for han! Nesten som den kostbare perla det står om i bibelen.

Kva er vår uskyld verdt for oss? I vårt eiget fengsel? Kva trur vi på? Vi trur på Jesus ja. Men set vi vår lit til det menneske som er født på ny, og som skal reisast opp frå grava, eller trur vi på det menneske som er gravlagt i dåpen og som aldri kan nå fram til eit evig liv?

Den som ofrar for si skyld vil aldri bli fri, han er endå under lova, han vil undertrykke seg sjølv.

Men den som ofrar for si dyrkjøpte uskuld han blir fri og glad, i det at han skodar sin Gud!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar