onsdag 8. desember 2010

”Det daglege brød” nr. 9 – 2010

Vekas historie:

Maria besøker Elisabeth og Johannes vert født: Luk 1, 39 - 80.

I barnebibel: Denne historia skal vere lett å finne at i ein barnebibel.

Tips 1: Om du les saman med små born kan du velje å lese frå ein barnebibel med litt tekst, i staden for å lese frå sjølve Bibelen. Du kan likevel dele historia i tre, eller lese den fleire gonger gjennom veka.

Tips 2: Bruk ”det daglege brød” som det passar dykk! Kanskje vel de å heller ha ei andaktstund i lag ein gong i veka, lese berre bibelverset fast ved måltida, lese tekstane på eit anna tidspunkt på dagen osv. Eller de vil gjere noko heilt anna!


Torsdag: Les vekas bibelvers. Les: Luk 1, 39 - 55, eller frå ein barnebibel. Be ei bønn.

Fredag: Les vekas bibelvers. Les Luk 1, 56 - 67, eller frå ein barnebibel. Be ei bønn.

Laurdag: Les vekas bibelvers. Les Luk 1, 68 - 80, eller frå ein barnebibel. Be ei bønn.

Søndag: Les vekas bibelvers. Les heile historia i samanheng, og/

eller snakk om spørsmåla nedst på oppgåvearket. Be ei bønn.

Måndag: Les vekas bibelvers. Kva handlar dette verset om? Be ei bønn.

Tysdag: Les vekas bibelvers. Gjer ei eller fleire av oppgåvene på arket. Be ei bønn.

Onsdag: Kom og spis! 16.30 i Volda Frikyrkje. Middag, kaffi og bibelkvarter.


Oppgåver til dag 6:

1. Lær vekas bibelvers utanåt: Greier de å gjengi vekas bibelvers ved hjelp av ”koden”

under? Det er fyrste bokstav i kvart ord i teksten.

Sal 111, 9:

Bokmål: H h s s f f o f s p f e. H o f e h n.

Nynorsk: H h s s f u o f s p f e. H o a e h n.

2. Song: Syng ein julesong som du har lyst til.

3. Julegåvetips 3: Klipp hjarte i raud filt. Lim to og to saman med ei snor til å henge i midten. Pynt gjerne med perler, glansbilete eller anna pynt de har liggande. Gje hjarta i gåver eller heng dei til pynt og lat dei minne dykk om at det viktigaste i livet er at Jesus får bu i hjartet ditt og vere Herre der.

Spørsmål til søndag:

- Kven reiste Maria på besøk til?

- Kva hendte då Maria helste på Elisabeth?

- Kor lenge vart Maria hos Elisabeth?

- Kva namn fekk guten til Sakarias og Elisabeth?

- Kvifor fekk han dette namnet?

- Kva hendte då Sakarias skreiv på tavla kva guten skulle heite?

- Kva betyr det å tale profetisk?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar